2023
Hå gamle prestegard

Foto: Eivind Egeland

Omsorg

Omsorg (Careful) 
Hå gamle prestegard 🔗

10. juni – 3. september 2023
Gruppeutstilling

Siri Borge, Beate Einen, Maria Almås Frantzsen og Ruth Hol Mjanger, Tuva Gonsholt, Kari Håkonsen, Pål Roland Janssen, Karen Klim, Vidar Koksvik, Anne Guro Larsmon, Solveig Lønseth, Linda Morell, Gunnel Sahlin, Patrícia Šichmanová, Ida Siebke, Sandra Vaka, Kiyoshi Yamamoto.

Utstillinga OMSORG syner arbeida til kunstnarar som på ulikt vis arbeider med glas. Her er eit bredt spenn av metode; frå profesjonelle glasblåsarar med eigne glasblåsarhytter til dei som jobbar med glas knyta til konseptuelle idéar og får andre til å produsere objekta.  

Det første glaset skal ha blitt laga som glasperler i Mesopotamia kring 2500 før vår tidsrekning. Oppfinninga av glasblåsing i det indre av Middelhavet i tida kring Kristi fødsel opna opp for eit større spekter av uttrykk.  

Dei første funna av glas på Jæren er frå stader som strandgravfeltet på Hå. Desse glasperlene er frå området kring Svartehavet. Frå vikingtid har det òg vore glasproduksjon i Noreg.  

Felles for alle typar glas er at det er laga av sand, soda og kalk ved 1250 grader. I tillegg er det eit fellestrekk at glaset treng omsorg i produksjon og bruk.  Det treng å passast på.  

Utstillinga OMSORG  presenterer noko av breidda som finst i glaskunsten i dag. Den 2000 år gamle fascinasjonen for glasmateriale er framleis til stades og gjenstand for utprøving og utforsking. 

The exhibition CAREFUL presents artists who work with glass in a variety of ways. The range in methods are wide; from professional glassblowers working in their own glass workshops to those who work with a conceptual idea and engage others to produce the glass objects.  

The first glass is said to have been made as beads in Mesopotamia around 2500 BC. The invention of glassblowing in the Mediterranean around the time of Christ’s birth made way for a wider range of expressions.  

The first glass finds of Jæren are from Migration Period graves where beads from the Black Sea area have been found. From Viking times there has also been glass bead production at trading places and political centres around Norway. 

Common to all types of glass is that it is made of sand, soda and lime at 1250 degrees Celsius. In addition, glass needs special care in its production and use. Glass needs to be cared for - omsorg.  

*

Takk til bidrag frå alle kunstnarane og Arkeologisk museum, UIS for lån av perle.

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og Norske kunsthåndtverkere